Loading

Prisliste 2021

For mange er det ei stor investering å gå til fotograf. Dette er bileter som familien vil vise fram, bileter som skal vere varige minner. Det kan difor vere lurt å tenkje litt over i forkant av fotograferinga kva som er tanken med bileta. Ønskjer de å ha dei på ein spesiell vegg? Eitt stort bilete eller ein collage? Fleire ulike? Ta gjerne bilete av veggen(e) og send meg i forkant. På denne måten kan vi ta bileta mtp sluttproduktet og dermed få eit betre resultat.

Forhåpentlegvis er eg vald som fotograf fordi de elskar stilen og bileta mine! Eg brenn for det eg gjer, og vil alltid gjere mitt ytterste for at de skal bli fornøgde. De må gjerne kome med ønskje om kvar vi skal ta bileta. Inne eller ute, i skogen eller ved sjøen? Om det er opp til meg har eg mine favorittplassar. BEKLEDNING er ein veldig viktig faktor, og eg vil alltid spørre om de har ein plan, eller om de treng hjelp.

PRISAR FOTOGRAFERING

Desse prisane gjeld kun for timane i studio (eller lokasjon); fotografering, klargjøring av visningsgalleri og visningstime (valgfritt). Prisar på produkt / digitale filer finn de under.

VISNINGSTIME

Visningstime inngår i alle mine fotograferingar, om ønskjeleg. Er det slik at de ønskjer kjøpe digitale bileter, får de tilsendt ein link og kan sjå på dei i fred og ro heime. Eg vil imidlertid anbefale på det sterkaste å kjøpe produkt. Alle produkt er handlaga av min norske leverandør Lundeby & CO og er av ypperste kvalitet, dette mtp at bileta skal kunne glede familien i fleire generasjonar. Bildeprodukt, rammer, album og fotobøker følg alltid dei siste trendane når det kjem til materiale og design. Eg har plukka ut mine favorittar som eg tilbyr. Det meste står her, og eg har demoer i studio. Eg vil sjølvsagt kome med råd til kva produkt eg meiner passar til kvar enkelt fotografering.

Familien Sunde

FORSTØRRELSAR

Print i ramme har blitt veldig populært igjen! Eg har mange rammeprøver i studio, og kan få tak i det meste. De vil nok heilt sikkert finne ei løysing som passar stilen i din heim.

NB! Vanleg print på lusterpapir kan bestillast ulaminert inntil 20*30. Større størrelser må bestillast i glass og ramme. Kom innom for å sjå på alle dei fine rammene og for å få prisar.

Bestiller de innan ei veke (eller på avtalt visningsdag) gir eg 10% for kjøp inntil kr 8.000 og 15% frå kr 8.000 og opp. Evt 30% ved kjøp av digitale filer (gjeld uansett når).

Med eller utan glas? Her er det både smak og funksjon som avgjer. Bileter i passepartout krev ei ramme med blankt glas, slik at både passepartout og bilde blir beskytta. Laminerte bileter er allereie beskytta og har ei overflate som kan tørkast av med ein fuktig mjuk klut, og krev ikkje noko glas foran. I tillegg unngås refleksjonar. Innramminga er handverksmessig utført. Syrefrie materialer brukast for å garantere eit produkt som varer i fleire generasjonar!

Vedlikehaldsråd: Sjølv om blekk og papir er av høgste kvalitet, bør ikkje bileta bli utsatt for direkte sollys over tid. Forsøk å henge bileta slik at effekten av sollys minimerast. Sørg også for å bruke hensiktsmessige festemidlar i veggen, slik at biletet heng trygt og ikkje kan dette ned og skade mennesker, gulv og møblar etc. Bilder i ramme kan tørkast av med ein mjuk klut fukta med vanlege reingjeringsmidlar.

Utstilling i studio

IMAGE BOX

Dette er eit nydelege produkt med fleire bruksmoglegheitar. Ein eksklusiv lintrukket boks med 10 favorittbileter frå fotograferinga. Bileta er laminert og limt på plate. Ved kjøp av box vr enkeltvis. Dei kan rammast inn, stillast opp på hylla eller berre ligge som ein skatt i eska, og de kan velge å gi nokre i gåve til besteforeldre. Mange fargevalg på boksen! Eitt staffeli medfølg.15*20

  • 15*20 ved bestilling fyrste veka kr 4.400 / normal pris kr 4.800
  • 20*20 ved bestilling fyrste veka kr 4.900 / normal pris kr 5.400
  • 20*25 ved bestilling fyrste veka kr 5.200 / normal pris kr 5.700
  • 24*24 ved bestilling fyrste veka kr 5.900 / normal pris kr 6.500
  • 28*36 ved bestilling fyrste vekaa kr 6.900 / normal pris kr 7.600
TODAY’ S MOMENTS ARE TOMORROW’S MEMORIES

TOUCH

Touchrammer er eit kvalitetsprodukt i stilrein og elegant design, som set biletet i fokus. Dei treng ikkje ramme og gjer seg like bra i collage som aleine. Biletet er laminert og montert på treplate, med ein kanthøgde på 16 mm og ferdig opphengssystem bak. Dei kjem i fleire ulike størrelsar og modular, og de kan velje fritt mellom ulike kantfargar(kvit, svart, grå, sølv, rosa, blå, eik og valnøtt).

Priseksempel touch singel:

Bestilling innan 7 dager eller på avtalt visningstime gir 10% på touch.

  • 20*20 kr 1.650
  • 20*30 kr 1.900
  • 25*25 kr 2.000
  • 20*30 kr 2.300
  • 30*30 kr 2.600
  • 30*40 kr 2.900
  • 40*40 kr 3.200
  • 40*50 kr 4.200
  • 50*60 kr 5.600
  • 50*70 kr 6.300
  • 51 * 51 kr 5.400
  • 71 * 71 kr 8.300

TOUCH MODUL

Eg hjelp dykk sjølvsagt med bileter og oppsett.

Bestilling Innan 7 dagar eller på avtalt visningstime gir 15% på moduler (minimum 3).

TOUCH BLOKK

Touch blokk er 3 cm tjukk og kjem i fleire ulike størrelser. Desse stårane 15*15, 20*20 og 20*25 kan ein få bileter på begge sider.

TOUCH ART NATURE

Du kjem til å elske dette unike handverksproduktet! Biletet blir printa å akvarellpapir og montert på 15 mm kryssfinèr av bjørk. Fiberkantane på papiret blir synlege og det blir ein lekker overgang mellom biletet og plata. Strykturen i treet kjem også fram. Kantane er så slipt og biletet etterbehandlast for eit naturlig og varig uttrykk. Biletet penslast for hand med matt lakk. Ulike former og størrelser kan setjast saman til ein collage etter ønskje. Produktet kjem i fleire ulike størrelsar. Eller du kan kjøpe single plater som heng eller står fint på hylla heime. Platene kjem med ferdig opphengssystem. Eit utrulig flott produkt som får bileta fram frå si beste side på veggen din. Eg hjelper deg gjerne med å setje saman bileter du ønskjer, eller lagar eit forslag.

PAKKETILBOD SIRKLAR:

Tre sirkler i str 30x30, 40x40 og 50x50

kr 14.900 (ord. 17.500,-)

FOTOBØKER

Eit album er eit flott alternativ til å oppbevare bileta dine slik dei faktisk blir sett på.Eg tilbyr to ulike albumar, som kjem i mange fargar og størrelsar.

NB! Dersom de har kjøpt bileta digitalt får de 20% på album.

SAGA

Dette er det mest populære albumet. Eit fantastisk kvalitetsalbum, handlaga av min norske leverandør. Biletalir printa på Epson lustre papir og sidene deretter laminerte. Dette albumet tåler å bli bladd i om og om igjen.

250 kr i tillegg for boks i same farge.

Ønskjer du tekst på kjem det eit tillegg på kr 250,-

FOLDEALBUM

Eit utruleg flott foldealbum med akvarellbileter i passepartout. 22*22 cm.

Boks medfølg. Mange fargevalg.

kr 3.600

SWEET MEMORY

Eit søtt foldealbum med 8 eller 12 bileter og lincover. Bilda er trykt på kartong (ikkje fotopapir). Dette er ei kjempefin gåve til besteforeldre etc og gjer seg veldig fint i hylla eller vinduskarmen.

3 for 2: Kjøper du 2 får du eit på kjøpet (bilda må vere lik i alle).

MAGIC BOX

Dette serien / produktet er røft og elegant på same tid. Det er framstilt av handlaga papir, slik at kvart enkelt produkt er unikt og har ein organisk stil.

Lekker boks i kartong med 10 akvarellprint 15x20 limt på eit røft papir. Desse kan du ramme inn eller kanskje henge med kliper på ei snor?

Kr 4.200

Lekker boks i kartong med bilde på framsida med 10 akvarellbilder limt på røft papir i str 15*15. Boksen har eit hakk slik at lokket kan stå åpent, og bildet på framsida vil synast. Ram inn eller heng på snor!

Kr 3.600

Foldemappe i røff papp (laget for hand) med 10 bileter, i boks.

Kr 3.200

TAKKEKORT

  • 25 stk enkle kr 1000 / doble kr 1250
  • 50 stk enkle kr 1750 / doble kr 2250
  • 75 stk enkle kr 2400 / doble kr 3150
  • 100 stk enkle kr 3000 (25 kr/stk over 100) / doble kr 4000 (35 kr/stk over 100)

DIGITALE FILER

Ønskjer de ikkje kjøpe produkt, men digitale filer? Filer er kjekt å ha dersom de har mange planer med bileta. Men hugs at om de kjøper filer får de heile 30% på print og touch, samt 20% på albumar (gjeld kun bileta som er kjøpt digitalt). Eg vil råde dykk til å kjøpe eit kvalitetsprodukt i tillegg.Bestilling innan 7 dagar gir 10% !!!

Bestilling innan 7 dager gir 10% !!

  • 5 digitale filer kr 5.000 / kr 4.500
  • 10 digitale filer kr 6.000 / kr 5.400
  • 15 digitale filer kr 7.000 / kr 6.300
  • 20 digitale filer kr 8.000 / kr 7.200
  • 25 digitale filer kr 9.000 / kr 8.100
  • 30 digitale filer kr 10.000 / kr 9.000
  • Alle bileta frå visningsalbumet kr 12.000 / kr 10.800 - gjeld KUN utebileter og som dei står i visning. Eg redigerer på detalj dersom det er bileter som skal på vegg etc (om nødvendig).
  • 400 kr per digitale fil utanom pakken.
  • Det er kun mogleg å kjøpe digitale filer enkeltvis ved kjøp av andre produkt. Kr 1.500 ved kjøp av produkt under 5.000 kr og kr 900 ved kjøp over 5.000 kr.