Om Sondre sondre@lysne.net | (+47) 986 88 550

Mitt nam er Sondre Lysne, eg er lysmeister og fotograf. Eg tilbyr både høg profesjonell og fagleg kvalitet, lavt stressnivå og godt humør.

Allsidig: Så lenge eg kan hugse har eg hatt ei brennande interesse for fotografi. Med det har eg også fått mykje forskjellig erfaring og har difor, i tillegg til spisskompetanse på lys, ei veldig brei kompetanse innan media.

Hardtarbeidande: Min akademiske bakgrunn til tross, eg er mykje meir komfortabel med arbeidshanskar og Leatherman i beltet, enn med lakksko og slips. Så dykk får også kar som er arbeidsglad og praktisk anlagt.

Mastergrad: I 2016 fullførte eg ein femårig Mastergrad i Film- og videoproduksjon ved NTNU i Trondheim. Der spesialiserte eg meg fyrst som fotograf, men oppdaga i løpet av utdanninga at lysdesign i film er eit heilt fagfelt og vart forelska.

Manusanalyse: Mastergraden min var praktisk-teoretisk, så eg har mykje trening i å kombinere analyse med praktisk gjennomføring. Med andre ord kan eg hjelpe til med å bryte ned og analysere manus og location, for å finne ut kva foto og lys kan bidra til historia som skal forteljast – og kva utstyr som trengs. For meg vil alltid historia vere viktigast.

Erfaring som: Lysmeister, fotograf, stillbildefotograf, klipper, color-grade, fleirkameraregi, teknikkar, mm.

Erfaring med: Spelefilm, kortfilm, Fleirkamera, Reklame, Web-serier, TV-sending, mm.

Report Abuse

If you feel that this video content violates the Adobe Terms of Use, you may report this content by filling out this quick form.

To report a Copyright Violation, please follow Section 17 in the Terms of Use.