Loading

Klimabonden Klimaklokt landbruk på Vestlandet

Menneskeslekta har berre eit tynt lag jord mellom seg og hungersnauda.

- Bart of Cincinatti.

Det våte klimaet kombinert med mykje myrjord har alltid gjort det krevjande å vere vestlandsbonde. Klimaendringar med meir ekstremvêr og nedbør i vekstsesongen har gjort det endå vanskelegare. Fleire bønder har likevel lukkast sjølv i uår med mykje ekstremvêr. Dei har funne gode, miljøvenlege løysingar som er tilpassa det lokale vêret og klimaet.

Det er mange måter å gje jorda dei beste vilkåra for å sikre berekraftig bruk. Klimabonden viser nokre av løysingane for å sikre at den verdifulle matjorda skal kunne dyrkast til glede for folk og fe, både no og i framtida. Målet er å formidle erfaringsbaserte tiltak samanhalde med forskingsresultat som syner korleis og kvifor andre måtar er betre eigna i eit skiftande klima.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Meland kommune, bønder i Meland og Norsk landbruksrådgiving, og har fått støtte frå Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland. Les meir om prosjektet her!

Foto: Lise N. Austrheim.

Stripespreiing i vestnorsk landskap

Eg har prøvd det meste... Når ein bruker stripespreiar så treng ein ikkje tenke på vind. Då legg du møkka rett ned på marka og du får nesten ikkje nitrogentap. Det kostar selvfølgelig litt i innkjøp, men det får du igjen når du kan kjøre når det passar deg og ikkje treng ta hensyn til vêr og vind.

- Helge Henanger, bonde i Meland kommune.

Stripespreiing er ei god løysing fordi:

  • ein utvider sesongen for gjødsling
  • det gjev større fleksibilitet ovanfor vêr og vind
  • ein minimerer gjødsel i lufta, som gjev mindre søl og lukt
  • gjødsla vert jamnare fordelt og går djupare ned i jordlaget

køyremønster

For å unngå jordpakking og køyreskadar på marka, er det viktig å slå smartast mogleg og bruke driftsvegane.

Filmen viser korleis erfarne bønder nyttar køyremønster for å unngå jordpakking.

Driftsvegar er til god hjelp for å unngå køyreskadar og jordpakking.

Eit gjennomtenkt Køyremønster er lurt fordi:

  • det går raskare å slå
  • du unngår køyreskader ved å køyre færre gonger over jorda
  • du reduserer dieselforbruket
Foto: Lise N. Austrheim.
Jordpakking er varig samanpressing av jord

Pakka jord som er metta med vatn tørker veldig sakt opp om våren og kan føre til forseinka våronn. Om sommaren kan pakka, vassmetta jord føre til at ein må utsette slåtten, og som fører til dårlegare kvalitet på graset.

Jordpakking kjem av:

  • køyring på våt jord
  • køyring same stad fleire gonger
  • tungt utstyr, uegna dekk og for høgt luftrykk
Dårleg vêr i sikte. Foto: Lise N. Austrheim/nlr vest.

Lise har i ein av filmene om jordpakking laga to modellar av modelèrkitt og vatn som viser forholdet mellom luft og vatn i jordstrukturen.

I filmen vert det vist at det er plass til meir vatn i jord med god struktur enn i pakka jord. Lise fyller vatn opp til 7 dl, merka på begge bøttene. Ho heller ut 3,5 dl frå bøtta med "god jord", og 2,7 dl frå bøtta med "pakka jord". God jord er ikkje så utsett for tørke som pakka jord, den heldt betre på vatnet og røtene veks lettare nedover i djupare lag der det er fuktigheit.

Modell av pakka jord:

Her er "jordklumpen" sett saman av flate, firkanta biter som gjev jorda ein slags platestruktur. Ettersom denne jorda er tett, inneheldt den lite luft og det er vanskeleg for planterøtene å vekse her. Lite meitemark og mikroorganismar.

Modell av jord med god jordstruktur:

Her er "jordklumpen" sett saman av avrunda biter som gjev jorda det vi kallar grynstruktur. Ettersom bitane er avrunda er det plass til mykje luft, røter, meitemark og mikroorganismar i slik jord.

Forholdet mellom luft og vatn er viktig for jordstrukturen.

Spadeprøve i vestlandsjord

Vassmetta og pakka jord har større utslepp av klimagassar, og gjødsla vert dårlegare utnytta med tap av nyttige næringsstoffar. Jordpakking fører også til at mindre karbon vert lagra i jorda.

Spadeprøve: spa opp ein plogdjubde jord, ca. 20 cm.

For å få best resultat ved produksjon av kjøtt og mjølk på drøvtyggarar, er det viktig med mykje og godt heimavla grovfôr. Då er god jordstruktur viktig. For å sjekke jordstrukturen kan ein ta ein spadeprøve. Det vil seie å spa opp ein klump med jord frå plogdjubde (20 cm av det øvste jordlaget), og gjere følgjande observasjonar:

Lukte på jorda:

Luktar det lite/friskt er jorda luftig/porøs, luktar det vondt/råttent er jorda pakka/tett.

Lage ball av jord inne i handa og slippe opp:

Jorda skal falle fra kvarandre/smuldre, då er den lagleg og tåler å bli kjørt på og jordarbeida. Viss man kjører på fuktig jord, synker hjula ned i jorda og pakker den slik at lufta i jorda forsvinn.

Sjå etter meitemark:

I eit spadetak bør det vere minst 3-4 markar. Dess fleire dess betre, desse arbeidar med jorda, graver gangar og betyr mykje for jordstrukturen.

Slippe jordklump frå hoftehøgde og sjå om den deler seg og jord faller av:

På filmen er det ikkje så mykje som faller av, men desse klumpane har avrunda form/grynstruktur, så det ser bra ut. Finner også nokre større kompakte klumper som sprekk i plater/meir firkanta biter - dette er pakka jord.

Sjå på planterøttene:

Ønskjer mange, djupe og godt forgreina røtter. Røttene bør vekse loddrett nedover, ikkje bøye av og vakse vannrett. Det tyder på at dei har truffet pakka lag som dei ikkje klarar å vekse igjennom.

Sjå på kva artar som veks i spadetaket:

Kulturgrasartar har røtter som er skildra som gode ovanfor. Nokre grasartar reknast som ugras, fordi dei gjev liten avling. Desse har veldig grunt rotsystem og røtter berre i dei øvste cm og er tilpassa å overleve i pakka jord.

Spa litt djupare enn plogdjubde for å sjå jordstrukturen her:

På filmen ser vi både løs og fin jord med grynstruktur og nokre større klumpar med pakka jord og platestruktur.

Sjå etter kløver:

Det er såfrø med kløver i engfrøblandingane, og dei har tjukke, djupe, forgreina røtter. Spesielt med kløver i forhold til gras, er at dei har bakterieknollar på røttene som tek nitrogen frå lufta i jorda, slik at ein kan spare på tilført gjødsel. Denne er avhengig av luftig jord for at denne prosessen skal fungere. Viss ein deler ein rotknoll og ein ser rosa farge inni har knollen aktiv nitrogenfiksering.

Sjå om det er liv i røttene:

Gras som ikkje har overlevd vinteren har brune, råtne røtter. Gras med kvite røtter om våren tyder på at dei er i live og veks. Utpå sommaren er det eit godt teikn viss mykje jord sitt fast på røttene, og det er vanskeleg å riste av. Røttene har då fått såkalt rotpels. Då er det eit godt samspel mellom graset og jorda det veks i.

Eit tydeleg kjenneteikn på god eller dårleg jordstruktur, er kva grasartar som veks på marka.
Knerevehale dominerer ofte på jord med dårleg jordstruktur.

Har man god, ung eng, kan ein forvente avling i hoftehøgde ved slått. Dei sådde grasartane har potensial til å vekse seg over 1 m høge.

Etter kvart som enga vert eldre, vil meir og meir av dei sådde artane gå ut og bli erstatta av naturlege artar som er meir småvokste. På jord med dårleg jordstruktur/pakka jord, er det artane tunrapp og knerevehale som dominerer. Dei set skot allereie når dei er ca. 10 cm høge. Då stoppar veksten i planta opp og energien vert brukt til å utvikle modne frø. Knerevehale set overjordiske utløparar som bøyer seg og dannar knær, derav namnet. I kvart kne utviklast det nye røtter og planten sprer seg derfor fort utover.

Ein forventar å komme ned i hard og pakka jord viss ein tar ein spadeprøve der det veks tunrapp og knerevehale.

I filmen slipper Lise ned jord frå spataket som ligg på spaden. Det er lite som faller frå kvarandre. Ho finn ein hard klump som ho deler og ser at den sprekk opp i firkanta biter/platestruktur, altså er det pakka jord her.

Røttene til tunrapp og knerevehale har veldig grunt rotsystem. Kveke er ein annan art i grasfamilien som reknast som ugras fordi den gjev liten avling. Kveke har eit voldsomt stort rotsystem med underjordiske formeringsrøtter. Viss ein kapper ein slik rotstengel med til dømes plogen, vil kvar rotbit ha moglegheit til å danne ny plante.

I filmen spar Lise i sandblandet, godt omdanna myrjord og finn ingen gamle planterester. Hadde det vore mindre omdanna myrjord med pakkingsskadar, ville ein kunne finne ein god del planterester. I tett jord som manglar luft, skjer det liten omdanning og planterestane vert nærast hermetisert.

Det er mange gode støttespillarar om ein treng hjelp eller har landbruksfaglege spørsmål.

Ta kontakt med landbruksavdelinga i din kommune, lokalkontoret til Norsk Landbruksrådgiving, bondelag og andre.

Tusen takk til lokale bønder frå Meland som har delt av si erfaring og medverka i filmane.

Tusen takk til Altifilm for filmproduksjon, tolmod og god hjelp undervegs.