Loading

post@seglinn.no • +47 577 40 029

Biskop Svanes veg 1 • 6914 Svanøybukt

Sjølv om øya berre har rundt 40 fastbuande er Svanøy Handel og Svanøy Kro ope heile året. I sommersesongen utvider vi opningstidene og har matservering kvar dag. Her kan du fordjupe deg i det særs innholdsrike kjøleskapet med smakar frå Kinn til Honolulu, ete Sunnfjords beste burger eller leige deg ein sykkel og utforske meir av øya.

Svanøy Kro

På Svanøy Kro bruker vi lokale ressursar. Menyen inneholder råvarer frå Svanøy Røykeri og Norsk Hjortesenter. Ramsløken plukker vi om våren så du kan nyte den når som helst! Vi har diverse arrangement gjennom året, hald deg oppdatert på facebook.

Svanøy Handel

Svanøy Handel er ein fullassortert nærbutikk. Her finn du alt frå fiskeslukar til glutenfri spaghetti. Produkter frå Norsk Hjortesenter og Svanøy Røykeri inngår i det faste vareutvalget.

Gjestehavn

Gjestehavna i Svanøybukt har straum og vatn på flytebrygga. I det døgnope sanitæranlegget finn du toalett, dusj, vaskemaskin og tørketrommel. Gratis trådlaust internett på land.
Bryggeleige kan betalast på butikken / kroa eller med Vipps til Kaia AS # 40029.

Overnatting

Ønsker du å tilbringe litt meir tid på Svanøy kan vi tilby husvære i andre etasje, over butikken. Leilegheita har 6 sengeplassar fordelt på 2 soverom. Her er stove, heilt nytt kjøkken, internett og eigen veranda med utsikt over bukta.

Bilde tatt frå verandaen.

Sykkel og kajakk

Øya er like fin frå sjø som frå land! Vi har 8 kajakker og omlag 8 syklar til utleige. Ta gjerne kontakt for meir informasjon eller for å reservere.

Opplev Svanøy

Norsk Hjortesenter -Norsk kompetansesenter for hjort. Hjortesenteret ligg idyllisk til på Kvalstad Gard på sørsida av øya. Her er det oppdrett av hjort og dåhjort, slaktekurs og konferansesenter. Ei omvisning blant dyra vil gje deg ei oppleving du seint vil gløyme.

Galleri Svanøe -Galleriet er åpent store deler av sommeren og etter avtale. Du er hjerteleg velkommen! Om du har spørsmål, ta gjerne kontakt med Bjarne Svanøe Tlf +47 905 08 773.

Svanøy Hovedgård -Hovedgården er et gammelt fute- og adelssete. Tidlig på 1700-tallet administrerte den adelige setegården over 340 enkeltbruk! Hans Nielsen Hauge kjøpte gården i 1804, og den ble et senter for haugianerbevegelsen. Hovedgården, som ble fredet i 1924, har en herskapelig fire-fløyet hovedbygning. I dag er gården brukt til arrangement etter avtale.

Svanøy Røykeri -Kaldrøykt laks etter gamle tradisjonar. Oppskrifter med einer og lokale urter gjev ein særeigen og utsøkt mild smak. Like spesiell som staden den kjem frå!

Det er mange flotte turstier på øya. Du kan bruke kartet under eller komme innom butikken og få eit gratis.

post@seglinn.no • +47 577 40 029

Biskop Svanes veg 1 • 6914 Svanøybukt

Credits:

Johan Trygve Solheim, Norsk Hjortesenter

Report Abuse

If you feel that this video content violates the Adobe Terms of Use, you may report this content by filling out this quick form.

To report a Copyright Violation, please follow Section 17 in the Terms of Use.