Loading

Om Linda Eide oppdatert MARS 2021

Linda Eide er NRK-journalist, programleiar, forfattar, fjernsynsforteljar, radiostemme og kåsør i radio og på scene. Kjent frå fjernsynsseriar som Smæsj – ei kulturhistorisk sportskrønike, og Norsk attraksjon, der ho reiste landet på kryss og tvers og guida det norske folk rundt til attraksjonar du ikkje finn i Guideboka.

Eides språksjov. Dei siste åra har Linda bydd inn til Eides språksjov på NRK1. Eit leikent snakkesjov som hyllar og tullar med vår språklege kvardag. Dette er språkopplysning i ei laussluppen innpakking, med eigen pianist og eigen professor. Med artistiske gjestar og faste og mindre faste postar. Eides språksjov er språkformidling på ein uhøgtidleg måte, i eit show med enkel v. Etter åtte sesongar og seksti program, kjem Eides språksjov med ein niande sesong, i november 2021.

Forløparen til Eides språksjov på fjernsyn, var serien Ut Med Språket, på Litteraturhuset i Bergen, med Eide og Akselberg. Dette starta våren 2013 og var eit månadleg show, med publikum i salen og gjester på scena. Der kom også etterkvart Sjur Hjeltnes med.

Scene. I 2018 hadde Eide premiere på si eiga teaterframsyning "Oppdrag Mottro". Ansvarleg for framsyninga var Det Vestnorske Teateret, med regi av Arvid Ones, og med Liv Bernhoft Osa som stemma til Mottro. Framsyninga turnerte også i Sogn og Fjordane og Hordaland, hausten 2019. Fleire turnear var planlagde, samt framsyningar på Det Norske Teatret, i Oslo. Men dette sette koronapandemien ein stoppar for. Meir om framsyninga her.

I 2014 sette ho opp framsyninga 200 år på 2 timar – inklusivert pause, saman med pianist Sjur Hjeltnes. Noregshistoria ispedd musikk og moro, digresjonar og fotnotar. Denne framsyninga vart seinare vist i NRK1. Då med tittelen Historisk Moro, som no er ein nedkorta versjon som duoen har framført på ulike scenar.

Bøker. Eide har gitt ut fleire bøker i ulike sjangrar, og for boka Oppdrag Mottro – jakta på gamle dagar, vart ho i 2013 tildelt Melsomprisen, som går til ei bok som eignar seg til ”folkelæsning og masseutbredelse”, som det heiter i statuttane. Ho har også skrive lærebok i radiojournalistikk, saman med Jørgen Warvik Lyngvær og Lars Nyre. Forløparen til den boka var radioradio, saman med Lars Nyre. I 2015 kom boka Norske smakar, som ho skreiv saman med kokk Hanne Frosta.

Prisar: Eide har vunne fleire prisar for journalistikken sin. Blant anna Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar. Gullruten for beste programleiar i 2012 og for beste reportasje 1997. For sin fjernsynsdokumentar om syklingas kår i Noreg, vann ho Gullparaplyen frå Bergen Journalistforeining. I 2018 prisa Hordaland Fylkeskommune ho som årets hordalending. Ho har også mottatt ulike språk- og dialektprisar frå Noregs Mållag, Noregs Målungdom, og Hordaland Mållag​​​​​​​. I 2019 vart ho tildelt Storegutprisen, under Litteraturdagane i Vinje, og i oktober 2020 mottok ho Riksmålsforbundets språkgledepris.

Linda Eide er fødd i 1969. Ho kjem får Voss og er busett i Bergen. Ho gjekk ut frå Norsk journalisthøgskule i 1990.

Linda er erklært transportsyklist og nyttespringar. Samt ein glad blokkfløyteamatør og ditto badmintonspelar. I tillegg kan ho så godt som fem melodiar på toradar. Dette siste her er det Linda sjølv som ville ha med!