Linda Eide er journalist, programleiar, forfattar, og nokolunde scenevant. Eide driv gjerne med underhaldande folkeopplysing, og er kjent frå NRK og fjernsynsseriar som Smæsj – ei kulturhistorisk sportskrønike, og Norsk attraksjon, der ho reiste landet på kryss og tvers og guida det norske folk rundt til attraksjonar du ikkje finn i Guideboka.
Eides språksjov. Dei siste åra har Linda bydd inn til Eides språksjov på NRK1. Eit leikent snakkesjov som hyllar og tullar med vår språklege kvardag. Dette er språkopplysing i ei laussluppen innpakking, med eigen pianist og eigen professor. Med artistiske gjestar og språklege tema. Programmet er inne i sin niande sesong, og over 70 program, er blitt laga frå Det Akademiske kvarter i Bergen. i 2021 vart Linda Eide og Gunnstein Akselberg tildelt Christieprisen, for innsatsen som språkformidlarar.
Linda har også vore programleiar for Nordisk prisgalla, sendt frå Operaen i Oslo i 2018, saman med Hans Olav Brenner. Og ho var programleiar for KORK sin julekonsert i 2021. Ho har også vore programleiar for NRK sin sommarsendingar, "Sommarbilen" 2020 og "Sommarskuta"2021.
Melodi Grand Jazz. Saman med Sjur Hjeltnes og Sigrid Moldestad. Denne underhaldande gjennomgangenen av all jazzmusikken i Melodi Grand Prix, var ei bestilling frå Vossa Jazz i 2018, og har seinare blitt framført på fleire Jazzfestivalar, som Maijazz, Hemnejazz, Sildajazz, Sortland Jazzfestival m.m.
Teater/scene. 2018 hadde Linda Eide premiere på si eiga teaterframsyning "Oppdrag Mottro". Ansvarleg for framsyninga var Det Vestnorske Teateret, med regi av Arvid Ones, og med Liv Bernhoft Osa som stemma til Mottro. Framsyninga turnerte også i Sogn og Fjordane og Hordaland, hausten 2019. Fleire turnear var planlagde, samt framsyningar på Det Norske Teatret, i Oslo. Koronapandemien sette ein stoppar for dette, men etter alle solemerker kjem Oppdrag Mottro opp på Det Norske Teatret hausten 2022. Trailer for framsyninga her.
I 2014 sette ho opp framsyninga 200 år på 2 timar – inklusivert pause, saman med pianist Sjur Hjeltnes. Noregshistoria ispedd musikk og moro, digresjonar og fotnotar. Framsyninga vart seinare vist i NRK1. Då med tittelen Historisk Moro.
Bøker. Eide har gitt ut fleire bøker i ulike sjangrar, og for boka Oppdrag Mottro – jakta på gamle dagar, vart ho i 2013 tildelt Melsomprisen, som går til ei bok som eignar seg til ”folkelæsning og masseutbredelse”, som det heiter i statuttane. Ho har også skrive lærebok i radiojournalistikk, saman med Jørgen Warvik Lyngvær og Lars Nyre. Forløparen til den boka var radioradio, saman med Lars Nyre. I 2015 kom boka Norske smakar, som ho skreiv saman med kokk Hanne Frosta.
Prisar:
- Christieprisen 2021 Universitetet i Bergen
- Riksmålsforbundets språkgledepris 2020
- Storegutprisen, Litteraturdagane i Vinje 2019
- Årets Hordalending 2018 – Hordaland fylkeskommune
- Melsomprisen frå Samlaget for boka Oppdrag Mottro 2013
- Noregs Mållag sin målpris 2013
- Gullruten for beste programleiar 2012
- Den store sykkelprisen frå syklistenes landsforbund 2008
- Kulturdepartementet sin nynorskpris til journalistar 2006
- Bergen Journalistlag sin Gullparaply for tv-dokumentaren Døden Bak Styret 2005
- Homofrydprisen Bergen 2000
- Gullruten for beste tv-reportasje 1997
- Prix Radio 1997 og 1998 for beste reportasje
- Språk- og dialektprisar frå Noregs Mållag, Noregs Målungdom, og Hordaland Mållag
Linda Eide er fødd i 1969. Ho kjem får Voss og er busett i Bergen. Ho gjekk ut frå Norsk journalisthøgskule i 1990.
Linda er erklært transportsyklist og nyttespringar. Samt ein glad blokkfløyteamatør og ditto bordtennisspelar. I tillegg kan ho så godt som fem melodiar på toradar.
Oppdrag Mottro er eit morsportrett basert på telefonintervju med mi eiga mor, over ti år.
Melodi Grand Jazz!
Å balansera ei riva på nasa er vel det eg har drive med lengst. Det kan gå år mellom kvar gong, men det er som så sykla, osb.
MOTTRO: – Datta får du aldri bruk for, Linda!
Å for et spill! Bendik Singers, 1973, sjuande plass. Sigrid Moldestad syng til gull.
Veggen, fritt etter Pink Floyd. Eit blokkfløytemessig høgdepunkt. At Finn Tokvam lèt som han ikkje likar det, er som det skal vera.
If you can make it there!