Loading

Forteljinga om Mære 2021

TEKST: Steinkjer kommune / Bodil Østerås / LOGO: Julian Vesterdal / FOTO: Anne Lein Kristiansen

I 2021 er det tusen år sidan overfall- et på Mære. Olav Haraldssons brutale oppgjer med norrøn religion og regional høvdingmakt i 1021, har blitt ståande som eit av merkeåra for kristninga av Noreg og for etableringa av det norske riket. Samtidig vart drapet på den mektige Olve på Egge ein sentral del av opptakta til slaget på Stiklestad.

Hendinga i 1021 starta da Olav Har- aldsson fekk høyre at Olve på Egge, høvdingane sin leiar i Trøndelag, stelte i stand til blot på Mære ved vårjam- døgn. Blot var ein norrøn skikk som Olav ikkje ville tillate i det kristne kongedøme sitt. At Olve likevel følgde den gamle skikken, vart sett på som eit religiøst og maktpolitisk opprør med ein tydeleg bodskap: dei trønderske høvdingane let seg ikkje diktere av kongen. For kongen vart blotet ei anledning til å ta eit symbol- tungt oppgjer med dei som motsette seg styre hans på eit av dei viktigaste religiøse sentra i Trøndelag. Olav sat på Lade og fekk samla fleire skip for å legg til innover fjorden. Da kong- shæren kom til Mære, vart bøndene overrumpla medan dei sov. Olve vart tatt av dage, og kongen befalte bøndene å bygge kyrkje på staden. Frå no av skulle alt folket i Trøndelag vere døypt og kristna. Sjølv om kongens siger var stor, skulle den vise seg å vera dyrkjøpt: ut av blotet på Mære i 1021 vaks ein motstand som vart avgjerande for Olavs fall i 1030. Mære har vore eit maktsenter i over 1000 år.

Sjølv om den sikre kunnskapen er liten, syner både arkeologiske utgravingar og historiske kjelder at her har folk vore samla til religiøse ritual lenge før hendingane i 1021. Med byg- ginga av kyrkje skulle denne tradisjonen fortsette, heilt fram til vår eiga tid. Jubileet i 2021 er difor ei unik sjanse til å dykke ned i ein meir enn tusenårig tradisjon knytt til store spørsmål om makt og symbol, reli- gion og tru, kulturelle endringar og identitet, og i forlenginga av det: dei mange forteljingane i samfunnet.