Loading

Kirka på Randabergfjellet Randaberg gamle kirkested (ca. 1150-1845)

Spor etter Randaberg gamle kirkested på Randabergfjellet

Rett sørøst sett fra toppen av Randabergfjellet kan vi fortsatt så vidt se sporene etter den gamle Randabergkirken. Disse sporene er automatisk fredet. Området tegner seg som en liten plattform, litt høyere enn området rundt, med utsikt mot leiet inn til Stavanger og innseilingen til Boknafjorden.

(Frontbildet: Slik ser illustratør Svein Skarbøvik for seg at området på Randabergfjellet så ut for 900 år siden. Under: Slik ser området ut i dag).

Restene av Randaberg gamle kirkested er synlige i kulturbeitet. Byfjorden (og innseilingen til Stavanger) og Mekjarvik (industriområdet og kaianlegget) i bakgrunnen.
Området rundt Randabergfjellet er rikt på kulturminner. Det gamle kirkestedet er omtrent midt på kartet. (Kart: Kulturminnesøk).

- Randaberghs kirkiu

Rundt 1620 var Randaberg og Madla anneks til Stavanger domkirke. Randaberg var setegård for lendmannen Jon Torbergsson, en god venn av kong Magnus og Erling Skakke, og gift med kongens søster, Ragnhild. Det er mulig at den gamle kirken på Randaberg ble bygget av den mektige Jon Torbergsson, som et privat kapell eller kirke for folkene på gården. I Jon Torbergssons levetid var gården stor og mektig, med inntekter både fra eget og kongelig jordegods.

(Lendmann var i Norge i vikingtiden og middelalderen de mennene som hadde fått jordegods av kongen mot å verne landefreden og å administrere et område på vegne av kongen. Erling Skakke er blant de mest kjente norske lendmennene fra middelalderen. (Kilde: Store norske leksikon)).

Eldste omtale av en kirke på Randabergfjellet er i 1355 (Randaberghs kirkiu), men prest ved kirken nevnes allerede i 1316 (sira Swærtingi prest a Randaberghe).

Kirken er nevnt i skriftlige kilder fra 1300-tallet, men er trolig eldre. Fram til 1633 var dette sannsynligvis en stavkirke, men den ble da bygget om til tømret langkirke. Kirken fungerte fram til 1845 som soknekirke for nordre del av Randaberg. Kirken ble revet i 1845, etter at en ny kirke for flere av de små sognene i Randabergområdet sto ferdig på Bersagelheia i sentrum.

- Men framleis kviler tjue generasjonar randabergbuer på den gamle kyrkjegarden

Slik har historikar og bygdebokforfatter Birger Lindanger skildra kirka, i heftet "Neset og havet - Soga om Tungeneset", utgitt i 1982:

Gudshuset på fjellet (ca. 1150-1845 e.Kr.)

"Mellomaldertunet på Randabergfjellet låg høgt oppe i sørhellinga av Randabergfjellet, om lag i gjerdet til festningsområdet, men blei fråflytta midt på 1800-talet. I mellomalderen fram til 1414 låg her ei stavkyrkje med kyrkjegard i nedre utkanten av tunet. Her må det òg ha vore hus for presten. Slik Neset ligg vendt mot Europa og England, må me tru at grenda tidleg blei kristna. Også på Randaberg-garden trengde Kristus tidleg ut heidne gudar, fyrst med steinkross og frå midt på 1100-talet med ei lita stavkyrkje.

Samstundes reiste også adelsmennene på Viste steinkyrkja si. Truleg har desse kyrkjene også fått kvart sitt sokn.

Kjerneområdet for kyrkja på Randabergfjellet har vore Neset og dessutan kanskje Todnem og Harestad. At området kunne halda kyrkje og fø prest, fortel om tider med mykje folk og gode overskot.

Annleis blei det etter avfolkinga som starta i 1349. Då sokk både folketal og kyrkjelege inntekter så mykje at kyrkja på Viste gjekk or bruk og forfall. I staden samla heile bygda seg om kyrkja på Fjellet. Men også her laut dei seia opp presten, og dei hadde store vanskar med å hindra kyrkja i å forfalla. Det førte til at sokneborna laut selja jordegods for å få råd til å kosta omfattande vølingsarbeid i 1414. Kring 1520 sokna bare 100 sjelar til henne. I samband med reformasjonen i 1537 ribba kongens menn henne for alt av verdi.

Laurits snikkar

Bare litt om senn kom ho i god stand att. Mellom anna fekk ho ny klokke i 1596, etter segnet ei gåve frå nokre nederlendarar som havarerte ved Tunge. I 1633 blei ho riven og reist att som "en tømret langkirke". Då sette også den kjende trekunstnaren Laurits Snikkar opp ein staseleg preikestol. Nokre år tidlegare laga han ei flott altartavle som rokk mest frå vegg til vegg. Ein annan stavangerkunstnar, Gottfred Hentschel, sytte for å mala henne. Ho er framleis å sjå i nykyrkja i Sentrum. Kyrkja var utvendig kledd med breie, tjørebreidde bord og hadde eit lite tårn med jernfløy i toppen. Dei einaste glasa i bygget var to blyinnfatta vindauge i koret.

Innandørs gjekk det i våpenhuset ei primitiv trapp opp til eit bittelite galleri med nokre få sæte. I våpenhuset sto òg frå katolsk tid døypefonten.

Skipet var ti meter langt og seks meter breitt medan det frå golv til tak var 4,2 meter. Heile kyrkja var 15 meter lang og grunnflata 82,5 kvadratmeter.

Under kyrkja låg gravkjellaren. Altarringen romma 8-9 nattverdgjestar, og ved sidan av koret fanst eit lite sakristi. Ikring kyrkja låg kyrkjegarden på 540 kvadratmeter. På kyrkjegarden sto ei eldgammal klebersteinskiste som dei kasta framgravne bein i. Kista blei seld til museet i Bergen i 1866.

Hollandske takpanner

I 1689 blei det lagt hollandske takpanner på kyrkja. I løpet av 1600-talet blei ho halden i god stand og rimeleg godt utstyrt, det meste direkte eller indirekte kosta av sokneborna. Bare i løpet av dei siste femti åra av 1600-talet la dei ut minst hundre dalar i vølingsarbeidet.

Difor var det med blanda kjensler dei laut godta at kongen i 1725 på ny akta å slå mynt på gudshusa. Det året selde han kyrkja til stavangerborgeren Lars Smith for 165 dalar! Med det fekk kjøpmannen også kontroll over inntektene til kyrkja. Lars var plikttrugen og held kyrkja i god hevd. Verre var det med sonesonen som òg heitte Lars. Han var eit øydeland og lånte mellom anna pengar mot pant i kyrkja. I hans tid forfall kyrkja heilt til i 1784 då storbonden Hans Olsson, Ytre Bø, kjøpte henne. Han fekk henne i god stand att. Sidan åtte lokale bønder kyrkja og heldt henne sist på 1700-talet i betre stand enn kyrkjer flest på Jæren. Mellom anna sette dei inn eit fag med tridoble vindauge ved preikestolen.

Det største problemet frå rundt 1800 var at ho blei for trong for eit aksellererande folketal. Frå 1801 til 1845 blei det dobla frå 418 til 835 innbyggjarar.

Med eit skip på bare 60 kvadratmeter, romma ho bare ein liten brøkdel av kyrkjelyden. I 1830-åra forfall gudshuset så mykje at det vart mest helsefarleg. Golvet var rote, loftet måtte vølast og dessutan trekte det svært.

Difor starta ein i 1839 aktivt å planleggja ei ny kyrkje. Etter hard tautrekking blei nåverande Randaberg sentrum peika ut som beste plass for ny kyrkjetomt; den nye kyrkja skulle liggja mest mogeleg midt i bygda. Den gamle blei riven i 1845. Med det var det slutt på 700 år då randabergbuen samlast på Randabergfjellet ved dei store høgtidene. Men framleis kviler tjue generasjonar randabergbuer på den gamle kyrkjegarden. Kyrkjegarden blei freda i 1925".

Kirkerester i dag

Kirketuften ligger på gnr. 51/11, 12, 15, 16 rett sørøst for/under Randabergfjellet. Her er ikke noe gårdstun i dag, men betydlige mengder skjørbrent stein like sør for kirkegården viser at det tidligere var et tun her.

Overgrodde kirketufter i dag.

Rundt 1850 ble området med gravplassen kalt Kirkeageren, og om lag 100 meter mot nord lå Prinsessekjelda (Lindanger 1995). I områdets nedre del kan det skimtes et større søkk i bakken, noe som kan være svake spor etter kirketufta. Blant disse er det flere flate heller som kan ha tilhørt kirken eller kirkegården.

Et gammel sagn forteller at det på Randabergfjellet bodde en prinsesse som red på en hvit hest. Prinsessekjelda, rett over det gamle tunet, fikk navn etter henne fordi hun brønnet hesten sin der.

Hverken kirken eller kirketuften er arkeologisk undersøkt, men det er svært sannsynlig at det i bakken kan skjule seg funn fra vikingtid eller middelalder.

Randabergfjellet fotografert i 2012 mot nord. Flere av bygningene er forsvunnet nå. Kirken stod i området markert med rødt, sørøst for Randabergfjellet.

Adelsætt og høvdingsæte

I mellomaldersk tid var Randeberg på mange vis den mest sentrale gården i soknet, ikke fordi det stod kirke og bodde prest her, men fordi det var her den ene adelsætta i bygda holdt til. Det var trolig strategiske årsaker til at gården ble et høvdingsæte. Her var det kort avstand til sjøen, både i øst og vest, og utsikt fra Karmøy til Jærens Rev og over de sentrale og søre delene av Boknafjorden.

Folk bodde på gården Randeberg lenge før mellomalderen. Senest omkring 300-tallet var det bosetning her. Trolig var det da to tun, ett under Randabergfjellet og ett under Kodleberget. Bygda har fått navn etter gården.

(Kilde: Arkeologisk museum UiS)

Created By
Ove Sveinung Tennfjord
Appreciate