Bryllaup 2017 Prisar og informasjon - LJOS FOTO

OM FOTOGRAFEN

Marianne With Nor heiter eg, er 39 år gamal og busatt på Skodje med sambuar og herlige barn. Eg er utdanna Siviløkonom, noko som kjem med til nytte i den daglege drifta.

Heilt sidan tidleg tenåra har eg hatt ein draum om å verte fotograf! Eg er 100% sjølvlært, med unntak av nokre små kurs, og etablerte Ljos Foto i 2011, men det var fyrst hausten 2015 eg endeleg kunne sleppe bremsa og satse for fullt på min store lidenskap! Samstundes åpna eg nyoppussa studio i Vatne sentrum.

Brullaup er noko av det kjekkaste eg kan fotografere. Eg elsker å jobbe kreativt og å få fram ekte personlegheit i bileta mine. Eg har alltid sommarfuglar i magen når kyrkjeklokkene ringer! Det er eit ansvarsfullt oppdrag og for meg ei stor åre å få følge brudeparet på denne store dagen. Noko av det beste er å bli kjent med så mange hyggelge mennesker!

Eg er kanskje mest kjend for ljoset og stemninga i bileta mine. Eg brukar så og sei alltid naturleg lys og er i hovudsak utefotograf.

Sommarbryllaup er populært, så ta kontakt i god tid! Då eg set familien fyrst har eg satt eit tak på 10 bryllaup sommarhalvåret. 2017 blir det litt færre då eg sjølv skal stå brud og treng tid både i forkant og etterkant av dette.

Ser fram til å høyre frå dokke!

Bryllupsdagen er ein viktig dag i livet, for mange den største av alle! Ein dag fylt med glede og kjærleik, latter og tårer, uforgløymelege augneblink og vakre detaljar. Ein dag ein deler med familie og vener, med dei som betyr aller mest for ein. Det er SÅ viktig at alt dette blir dokumenter - minner frå den store dagen, som dokke skal ha å sjå tilbake på resten av livet. Ikkje sjå på dette som ein uviktig post, men kanskje den viktigste investeringa ein kan gjere!

HALVDAGSFOTOGRAFERING

5 timer fotografering; frå og med brudepynting, under vigsla samt portrettbileter på lokasjon. Er vi i nærleiken av lokalet og eg har tid til det, blir eg med ein snartur innom for å knipse av bordet og av gjestane. Ønskjer dokke at eg skal vere der litt utover middagen kostar det kr 1.500 per ekstra time inkl ekstra bileter.

Inkluderer eit planleggingsmøte i forkant, der vi blir bedre kjende samt snakkar om gjennomføringa av dagen og fotograferinga.

Minimum 200 høgoppløyselege bileter blir levert på minnepenn (kan brukast fritt til ikkje-kommersielle formål), både i farge og i svart/kvitt. Eg leverer også ein web-versjon til bruk i sosiale media.

Inkl og møte i forkant, og visningstime om ønskjeleg.

Brudeparet vil få tilbod om forlovelsesfotografering inkl 20 bileter til kr 3.900.

KR. 16.500,-

HEILDAGSFOTOGRAFERING

Fotografen vil vere med å dokumentere brudeparet gjennom dagen - heilt frå brudepynting ut utover kvelden på bryllaupsfesten. Fokuset vil sjølvsagt vere på brudeparet, men også på detaljar, stemning, gjester, latter, tårer og alt som er med på å gjere den store dagen så spesiell.

Inntil 10 timar. Etter dette kostar det 1.500 kr/timen.

Inkluderer eit planleggingsmøte i forkant, der vi blir bedre kjende samt snakker om gjennomføringa av dagen og fotograferinga.

Minimum 200 høgoppløyselege bileter blir levert på minnepenn (kan brukast fritt til ikkje-kommersielle formål), både i farge og i svart/kvitt. Eg leverer også ein web-versjon til bruk i sosiale media.

Brudeparet vil få tilbod om forlovelsesfotografering inkl 20 bileter til kr 2.900.

KR. 24.000,-

NB! 25% av totalsummen vil tilkome ved bestilling. Dette vil ikkje bli returnert ved avbestilling.

Reiseutgifter, evt kost og losji kan tilkome ved lang reiseveg.

1-3 veker i forkan av bryllaupet møtast vi for å

FORBEREDELSANE.

Timane før vigsla er fyllt av spenning og er vel så viktig å få dokumentert som resten av dagen. Eg møter opp hos frisøren (eller der forberedelsane tek stad) og fotograferer sminking/hår, detaljar, portrett - og sjølvsagt stemninga rundt det! Eg kjem minimum halvannan time før vigsla, alt etter avstand til kyrkja og kor mykje til som er satt av til portrett. Dersom brudgomen er i nærleiken, og tida strekk til, kan eg òg stikke innom han, men dette må avtalast på førehand.

Eit godt tips er å kle seg i lyse romantiske klede, då blir beileta så mykje meir delikate og følelsen av brud er større òg før dagen er skikkeleg i gang! "Prinsesse for ein dag"; ikkje nøl med litt ekstra bling! Hugs ein liten matbit, jordbær og litt sprudlevatn!

Eg reiser til kyrkja seinast eit kvarter før bruda, så det beste er å sette av litt ekstra tid slik at kjolen kjem på før fotografen er reist!

VIGSLA.

Augneblinken alle så lenge har venta på! Eg er der og fangar stemninga før, under og etter; ein nervæøs brudgom, spente fjes, tårer, latter, sang og fine ord, innmarsj og utmarsj, vener, familie.

Og når presten sei feil navn, når brudgomen roper "JA!" så altfor høgt og kneler med salgslappen under skoa, og når ringen ikkje passer fingeren. Ting som slepp latteren laus og lager ei herleg stemning!

Eg gjer mitt beste for å fange alle situasjonar og detaljar, samstundes som eg prøver å vere mest mogleg usynleg.

Eg har fleire tips til best mogleg bileter på inn- og utmarsj etc. men dette gjeng vi gjennom på møtet i forkant!

PORTRETT.

Etter vigsla brukar vi eit par timar på dei offisielle bileta. Det er viktig å sette av nok tid; hugs å ta hensyn til tida utanfor kyrkja og transport! Ein eller to lokasjonar, alt etter kva tid vi har.

Eit godt tips er å ha med nokon til å hjelpe med hår og sminke undervegs, eller set forlovar på saken! Ta òg med stettglas og ei flaske sprudlevatn (med eller utan alkohol), paraplyar, ekstra sko og eit teppe/laken å sitte på.

Eg ønskjer å få til mest mogleg naturlege bileter (situasjon, stemning etc), men vi tek og nokre klassiske portrett. Eg tek bileter av forlovere og av detaljar. I enkelte tilfeller har eg med sambuaren min, Bjørn, til detalj og situasjonsbileter, slik eg kan konsentrere meg fullt om portretta.

FESTEN.

For dei som ønskjer heildagsfotografering er eg med 4-5 timar under middagen, alt etter kor mykje tid vi brukte på portretta. Eg vil snike meg litt rundt og prøver å få med latter, tårer, og talane sjølvsa

Created By
Marianne With Nor
Appreciate

Made with Adobe Slate

Make your words and images move.

Get Slate

Report Abuse

If you feel that this video content violates the Adobe Terms of Use, you may report this content by filling out this quick form.

To report a Copyright Violation, please follow Section 17 in the Terms of Use.