Loading

Filmskaping med ivrige hospitantar!

Klasse 1MK1 ved Volda vidaregåande skule var tidleg måndag morgon i full sving rundt omkring på skuleområdet for å lage film i lag med hospitantar frå heile søre Sunnmøre!

Hospitantane var tiandeklassingar frå Herøy, Sande, Ulstein, Hareid, Volda, Ørsta og Vanylven som til våren skal søkje seg vidare utdanning på vidaregåande skule. Det var litt i overkant av 90 elevar som var på besøk hos linja Medium & Kommunikasjon gjennom dei tre hospiteringsdagane, og desse fekk ein liten smakebit av korleis livet som MK-elev er.

Alle hospitantane blei fordelt på ulike grupper med elevar frå 1MK1, og saman skulle dei planleggje og utarbeide ein film.

Opplegget som vart lagt opp for hospitantane gjekk ut på at dei skulle få sjansen til å vere med på ein liten filmproduksjon der kvar gruppe fekk lage kvar sin versjon av ein superheltfilm. Gruppene fekk utdelt ein mal som viste til ei enkel handling dei skulle bruke i filmen, og dei fekk også tilgang til andre små hjelpemiddel dei kunne bruke. I tillegg fekk dei lage ein eigen plakat til filmen.

Dramatisk uttrykk på fjeset til Magne Stokken, som spelar skurken i filmen!

Elev ved Ørsta ungdomsskule, Magne Stokken, hadde gode forventningar til hospiteringsdagen sin ved Medium & Kommunikasjon. Han er interessert i film og foto, men har ikkje mykje erfaring med nokon av delane. Difor var han glad for å vere med på filmproduksjonen.

To blide hospitantar frå Ørsta (venstre) og Ulstein (høgre) ungdomsskule. Begge to synest dagen var kjekk, lærerik og iskald!
Elevar frå 1MK1 plasserer kameraet sitt i posisjon til neste scene av filmen.
Thea (helt til venstre) frå 1MK1 gir klarsignal til Magne at kameraet rullar!

Etter at gruppene var ferdige med å filme var det inn att igjen i varmen for å sette saman filmen og lage plakat. Dei fekk rundt 2 timar på å klippe og redigere saman produktet deira til ein ferdig film.

Redigering av filmen er i gong.

Helten og skurken poserar for biletet til filmplakaten!

Hospitantane fikk óg prøve seg på klipping og redigering i programmet Adobe Premiere Pro.

Programmet Adobe Photoshop vert brukt til å lage plakaten, og her også får hospitantane lære litt av kvart.

Report Abuse

If you feel that this video content violates the Adobe Terms of Use, you may report this content by filling out this quick form.

To report a Copyright Violation, please follow Section 17 in the Terms of Use.