Etne kommune ligg vakkert til heilt sør i Hordaland. Etne er eit godt utgangspunkt for turar til byane Haugesund, Stavanger, Bergen, øyriket i Sunnhordland, Hardangerfjorden og Ryfylkefjordane. Etneelva er ei av dei mest attraktive lakseelvane på Vestlandet. Fiskesesongen er frå juni til september, med utleige av fiskesoner på døgnbasis. Det er gode tilhøve for ferskvassfiske i Stordalsvatnet og i meir enn 40 fjellvatn.
Vil du jobbe ein stad der livet er roligare og har fantastiske turmoglegheiter rett utanfor husveggen?
Etne kommune søker vikar for fastlege som skal ha eit års permisjon fra februar 2020.
Legepraksisen er lokalisert i helsesentra i Etne og Skånevik saman med dei andre legane og hjelpepersonal.(Sjukepleiarar og helsesekretærar) Det er ei forholdsvis ung kollegagruppe med gjennomsnittsalder på ca 40 år. Søkjar inngår i samarbeid med dei andre legane slik at praksis vert utøvd ved begge helsesentra
Stillingsprosenten er 80-100% og har søknadsfrist 6. desember 2019. Er du klar for eit eventyr?
Vil du vite meir om Etne kommune? Sjå denne presentasjonsvideoen: