BUD SOGELAG Kort presentasjon

Bud Sogelag er ein aktiv organisasjon som arbeider med å vekkje interesse for - og spreie kjennskap om historie, slekt og kulturarv i bygdene i tidligare Bud kommune.

Sogelaget arbeider med å kartlegge og ta vare på kulturminner, stadnavn og målføre i vårt nærområdet gjennom målretta arbeid med registrering av bileter, namn, dokumenter, bygningar og historiske gjenstandar. Sogelaget har opne medlemsmøter (Sogelagsmøter) ein gong i månaden med aktuelle temaer og foredrag, og samarbeider med Bud Museum om temakveldar på museet.

I samarbeide med kulturetaten og dei andre sogelaga i kommunen prøver ein å få til 1 til 2 Kulturminnevandringar i året i vårt område. I tillegg til det som nemnd ovanfor, har vi ei rekke «prosjekter» som går føre seg meir eller mindre fast året rundt.

Stabburet på Berget

Stabburet er et av de eldste attståande bygningar i Bud (frå tidlig 1700 talet) og ble begynt restauret i 2005. Sogelag har inngått langsiktig avtale med eigarane om bruksrett og syter for at bygningen blir vedlikehaldne og bevart for framtida.

Notnaustet på Lemholmen.

Sogelaget har i disse dagar inngått avtale med eigarane av notnaustet om å overta bruksretten. Sogelaget har tidligare haldt ved like deler av naustet, og har også lagt ut flytebrygge for å betre tilkomsten til Lemholmen. Det vert no arbeidd med å få opp eit opplysningsskilt om notnaustet (på landsida i Kippersundet). Naustet må rehabiliterast/haldast ved like, og Sogelaget er innstilt på å utføre dette abeidet på dugnad i den grad vi klarer å skaffe nok midlar til materialar etc.

Storsundlykta

Bud Sogelag har fått disponere den gamle lykta frå Storsundet. Lykta som har stått på Buaodden i ca 100 år er flyttet og satt opp på Svendshammareni Bud. Sogelaget sine medlemmar har stått for flytting og oppussing med god økonomisk hjelp frå våre sponsorer. Det siste året er det laget trapp opp til lykta, og vi jobbar i disse dagar med å ferdigstille gelender. Oppgåva med å få ferdig dette er et økonomisk løft for sogelaget, men vi håper på ytterligare hjelp frå våre samarbeidspartnare. Lykta står nå som et flott kulturminne midt i Bud sentrum og er til stor glede både for turister og fastbuande.

Buakalenderen

Kvart år gir Sogelaget ut den populære «Buakalenderen» med gamle og nygamle bileter frå vårt område (gamle Bud kommune). Kalenderkomiteen leiter fram og plukkar ut aktuelle bileter frå ulike år og setter de saman til en bildekavalkade som er blitt veldig poppuler. Har du bileter som du meiner fortjener plass i kalenderen, så ta kontakt med oss – husk at bileterfort blir historie når de er meir enn 30-40 år.

Stadnamn

Gamle lokale namn på stader, haugar, topper, øyer og skjær mv er i ferd med å gå i gløymeboka. Særlig gjelder dette den oppveksande slekt som er i ferd med å miste mye av kunnskapen på dette området, og gjerne gir plassane nye namn. I det siste har Sogelaget engasjert seg i å registrere slike namn, og få dei på kartet. Gjerne også med uttale og opplysning om kva som ligger bak namnet om det er kjent

Om oss

Sogelaget har pr i dag 57 medlemmer, men stadig fleire får augene opp for dette viktige og interessante arbeidet. Styret består i 2017 av:

Kjell Arne Iversen – leder

Arve Hammerøy – nestleder

Annlaug Lianes – sekretær

Per Magne Sæterøy – kasserer

Øyvind Myren – styremedlem

Sylvi Stranden – styremedlem

Haraldr Bjellvåg – styremedlem

Andor Storholm - varamedlem

Dersom du ynskjer å bli med oss, så møt opp på Sogelagsmøta i lokala til gamle Bud Handel, eller ta kontakt med vår leder Kjell Arne Iversen tlf 905 03862 Vår adresse: Bud Sogelag, Iver Heltsveg 6, 6430 Bud. Kontonummer 4100.07.48062

Credits:

Per Magne Sæterøy

Report Abuse

If you feel that this video content violates the Adobe Terms of Use, you may report this content by filling out this quick form.

To report a Copyright Violation, please follow Section 17 in the Terms of Use.